Omtale fra Den Norske BokdatabasenBoka er basert på forfattarens tre år lange opphald i Hong Kong og New York og handlar om Noreg og nordmenn ute i verden, om kulturforskjellar og observasjonar frå dagleglivet i Asia og Amerika. Boka har mange personlege vinklingar, og forfattaren spør seg mellom anna om korleis utlendingar ser på nordmenn, korleis vi kan oppføre oss og kva vi kan gjere for å setje Noreg på kartet. Med biletliste.Omtale fra forlagetArne Hjeltnes har reist over store delar av verda. I to år budde han i Hong Kong og marknadsførte norsk laks. Så drog han til New York der han arbeidde som turistsjef for Norge på oppdrag for Innovasjon Norge. I dag er han informasjonsdirektør hos verdas største lakseeksportør, Marine Harvest. Ei bok om Noreg i verda blir i følge forfattaren neppe komplett, men her fortel han om korleis det kan vere å bu og jobba ute. Det er ei personleg bok, full av lune anekdoter og treffande observasjonar frå dagleglivet i Asia og Amerika. Samtidig er ho full av viktige fakta og sterke meiningar. Arbeidet for eksportnæringen har gitt Arne Hjeltnes mange nye perspektiv på Noreg og på nordmenn i utlandet. Kven er vi? Korleis ser utlendingar på oss? Kva kan vi lære av dei? Korleis kan vi oppføre oss, og korleis kan vi selje våre produkt? Og ikkje minst, kva kan vi gjere for å setje Noreg på kartet?
Arne Hjeltnes Ordre des livres

- 2007